Garnprodusenten på Dale har drive sidan 1879, men no er det fullstendig over.
Allereie i januar 2014 vart Dale Garn selde til garnkonsernet House of Yarn. No vert også kundesenteret med sine seks arbeidsplassar avvikla og flytta til Rogaland.
Det skriv Vaksdalsposten.
Raude tal
Årsaka er økonomisk tap dei to siste åra.
– I 2013 fekk me eit underskot på 9,3 millionar kroner. Håpet var, eter at me avvikla produksjonen for eit år sidan, å gå i balanse i 2014 med Dale Garn-biten. Det lukkast me absolutt ikkje med, og me fekk eit underskot på nesten fem millionar kroner i fjor. Då må me ta grep, og eit av dei er å avvikla heilt på Dale, seier adm.dir. Tor Henrik Knutsen frå House of Yarn til avisa, selskapet som tidlegare Dale Garn AS no er ein del av.
Les også: Nå er håpet ute for Dale Garn
Svak krone
Det er ikkje berre kundesenteret som slit økonomisk hjå garnkjempa. Verksemda merkar godt til utfordringane som følgjer av den svake krona.
– Alt i alt er det då vorte svært store underskot på drifta dei siste to åra. Tal som vert lagt fram er katastrofale for Dale-delen av verksemda, fortel Knutsen.
Alle dei tilsette ved kundesenteret får tilbod om jobb hjå den tilknytte verksemda Gjestal AS i Oltedal i Rogaland. Selskapet kjøpte Dale Garn i fjor og er ein av Noregs største garngrossistar. Verksemda ligg utanfor Stavanger.
– Leit
Tidlegare tillitsvalt, Silje Stien, ønskjer ikkje å sei noko om avviklinga ovanfor Avisa Hordaland.
– Me har hatt eit møte med leiaren, og då fekk me beskjed om at salsavdelinga skal flyttast til Rogaland. Det tykkjer eg er leit, men ønskjer ikkje å kommentera saka ut over dette no. Me skal ha eit møte med leiinga ein av dei komande dagane, der vilkåra våre skal drøftast, seier Stien til avisa Hordaland onsdag.
I byrjinga av 2014 valte Gjestal AS å leggja ned Dale Garn. Over 130 år med garnhistorie var dermed over, men kundesenteret vart verande. No skal også det bort.
Les også: Med sau i bagasjen
Vonbroten
Ordførar Eirik Haga i Vaksdal kommune tek nyheita tungt.
– Eg er like vonbroten som om eg skulle vorte overraska. Dette var triste nyheiter for Dale. Først la dei ned produksjonen og no forsvinn nok ein bit av sjela til Dale, seier han til avisa Hordaland.
– Dersom dei trur at dei greier laga eit like godt garn som ein har gjort på Dale, ein annan stad, til dømes i utlandet, så må dei tru om att, legg han til.
Kilde for: BT.no – Økonomi