Symptoma på hollandsk syke er sjeldan særleg påtrengande i medgangstider. No kjem testen på om vi tåler oljebremsen.
MENINGER 13.02.2015 06:01
Den første konsesjonsrunden for leitelisensar på norsk sokkel blei utlyst 13. april 1965. 50-årsjubileet for den norske olje- og gassverksemda nærmar seg dermed med stormskritt. Sidan den gong har næringa investert meir ein 3500 mrd kroner i verksemda på norsk sokkel, medan olje og naturgass har gitt samla salsinntekter godt over 10 000 mrd kroner, alt målt i dagens pengeverdi.
Olje og naturgass representerer i dag om lag 20 prosent av samla verdiskaping og 50 prosent av samla eksport. Rundt 25 prosent av staten sine inntekter har opphav i olje og naturgass og lag ein tredjedel av samla investeringar i Noreg finn i dag vegen til olje- og gassnæringa. Verksemda vest i havet har dermed sett djupe spor, ikkje berre i statistikken, men og i den opplevde utviklinga i store delar av Fastlands-Noreg – og kanskje spesielt langsetter kysten.
Aldri så godt at det ikkje er vondt for noko
Den økonomiske faglitteraturen er ikkje udelt positiv når det gjeld rikdom med opphav i naturressursar, og spesielt ikkje oljeinntekter. Forskinga viser at rikdom på naturressursar kan reise økonomiske og politiske utfordringar som er så store at vekst og velstand blir lågare enn i tilsvarande land utan ressursrikdom.
Mest vanleg er denne type ressursforbanning i land som i utgangspunktet er fattige, der den politiske makta er konsentrert og der samfunnsinstitusjonane er svake. Men sjølv velutvikla vestlege demokratiske statar kan utvikle uheldige symptom på grunn av stor og plutseleg rikdom.
Overforbruk av store gassinntekter gav til dømes ei markant svekking av konkurranseevna og påfølgjande tap av industriarbeidsplassar i Nederland på 1960-talet. Dette symptom-biletet blei seinare kjent som Hollandsk syke, og har sidan blitt sjølve symbolet på alt ein vil unngå i den norske forvaltninga av olje- og gassinntektene.
Kampen mot petromanien
Hovudproblemet bak hollandsk syke er at uventa rikdom altfor ofte får folk til å te seg på eit vis som ikkje kan vare.
Politikarar blir freista til å bruke meir pengar over statsbudsjettet enn økonomien gir rom for. Resultatet er auka vekst i kostnadar og prisar. Om olje- og gassnæringa samstundes støvsugar arbeidsmarknaden for godt kvalifisert arbeidskraft, så blir resultatet ofte ei markant lønsauke, ei svekking av konkurranseevna og ei nedbygging av tradisjonell industri.
Eit delmål for forvaltninga av oljeinntekter blir dermed å få folk til å te seg som om oljerikdommen ikkje fanst. Det er lettare sagt enn gjort. Likevel har ein lykkast eit godt stykke på veg når det gjeld politikarane sin omgang med olje- og gassinntekter over statsbudsjettet. Oljefondsmekanismen demmer i dag opp for offentleg overforbruk, med den finanspolitiske handlingsregelen som langsiktig rettesnor for innfasinga av oljepengar i norsk økonomi.
Eit anna sett av verknadar har vore vanskelegare å regulere i handteringa av olje- og gassnæringa her heime.
Vekst utan grenser, fest utan bremser
Boomen på norsk sokkel har skapt eit kraftig sug frå olje- og gassnæringa etter varer, tenester og arbeidskraft frå fastlandsøkonomien. Alt frå starten for 50 år sidan har næringspolitikken vore innretta mot å utvikle ei eiga norsk leverandørnæring for å legge til rette for industrielle og aktivitetsmessige ringverknader frå olje- og gassutvinninga på norsk sokkel.
No får ein som bestilt, på godt og vondt.
Aktivitetsauka på norsk sokkel har nemleg skapt store bølgjer langt inn i fastlandsøkonomien. Spesielt dei siste 10 åra har ei vedvarande auke i oljeprisen løfta oljeinvesteringane til rekordnivå både heime og ute. Resultatet var lenge rekordhøg vekst i aktivitet, sysselsetting og kostnadar for alle som leverer til olje- og gassnæringa i Noreg og internasjonalt, og det vil seie breie lag av næringslivet langs kyst-Noreg.
Direkte og indirekte har olje-boomen på 2000-talet gitt ei markant auke i inntektene for norske hushald og føretak, sterk vekst i forbruk og investeringar og eit kraftig løft i løner og prisar på innanlandske tenester. Med høg grad av koordinering i lønsoppgjera er resultatet ei svekking av konkurranseevna både for leverandørnæringa og for andre industriføretak i fastlandsøkonomien.
På same tid har politikarane korkje hatt evne eller vilje til å redusere tempoet på norsk sokkel før det i realiteten var for seint. På overtid var det difor kapitalmarknaden som måtte gripe inn for å bremse kostnadsutviklinga og kapitalbruken i den norske olje- og gassnæringa.
Godt rusta for ein ny normal-situasjon
Eit tankevekkande trekk ved symptoma knytt til hollandsk syke er at dei sjeldan er særleg påtrengande i medgangstider. Utfordringar knytt til overforbruk og konkurranseevne kjem til overflata først når olje- og gassutvinninga flatar ut, når investeringane på sokkelen passerer toppen og når petroleumsverksemda går frå å være ein vekstmotor til å bli ein bremsekloss for resten av økonomien. Dette er truleg kjenneteikn på den nye normalsituasjonen i Noreg.
Allereie for eit år sidan tyda mykje på at eit omslag var i emning. Halveringa av oljeprisen gjennom det siste halvåret har etter alt å døme lagt stein til børa, med utsikter til stagnasjon i aktiviteten på norsk sokkel dei nærmaste åra og med langt svakare vekstimpulsar til fastlandsøkonomien enn me har vore vante til sidan årtusenskiftet.
No kjem testen
Åra framfor oss ser ut til å bli annleis enn åra bak oss, med svakare utsikter for norsk sokkel og med omstilling i horisonten. No kjem dermed testen på om forvaltningsmodellen for olje- og gassinntektene er god nok, på om vernebuinga mot omstilling er på plass, på om norsk økonomi er rusta til å tåle ei utflating i verksemda me har levd så høgt på dei siste 15-50 åra.
Det er grunnlag for forsiktig optimisme. Norsk økonomi og arbeidsliv er prega av høg kompetanse, endringsvilje og omstillingsevne. Oljefondsmekanismen gjer at ein har stor fleksibilitet til å møte forbigåande tilbakeslag med tilpassing av offentlege utgifter.
Sist, men ikkje minst er den gjengse mentaliteten her på Vestlandet prega av godt humør, pågangsmot og lagarbeid, som er viktige kvalitetar i ei tid prega av uro og usikkerheit.
Les fleire kommentarar frå Klaus Mohn på Sysla:
Twitter: @Mohnitor
Kilde for: BT.no – Økonomi