Finans og økonomi

Det kokar av feit laks i sjøen

Med 200.000 fisk på rømmen frå oppdrettsanlegg på Vestlandet, er det ikkje rart at det kokar i fjorden.

Etter at stormen «Nina» drog med seg fleire anlegg, var det fritt fram for fisken å stikka av. Og den gøymer seg ikkje akkurat vekk.

– Heile fjorden er smekkfull. Det kokar med fisk, fortel Morten Husebø.

Kallar fisken for boss

Seinast sundag var han sjølv ute på sjøen, men berre for å sjå. Turen gjekk frå Masfjordneset og heilt inst i fjorden.

– Det var masse folk ute for å fiska, noko som er kjempepositivt. Det er skikkeleg dugnadsand for å få fisken opp, seier Husebø.

Før helga var det berre til å hiva stanga uti og nappa fisken opp i båten. Heile 17 vart hanka inn på svært kort tid. Dei feitaste på rundt ni kilo.

– Det heile er ein tragedie. Det er forureining på lik linje som om ein oljetankar skulle grunnstøtt, berre at me ikkje ser det, meiner Husebø.

Les også: På lag med naturen

Han kallar rømlingane for «boss».

– Oppdrettslaks har ingenting i ein fri fjord å gjera. Fisken hadde stygge finner og mykje lus på seg. Den gjekk i bosset og til katten. Vill-laks har eg naturlegvis ingenting imot, legg han til.

– Heilt absurd

Ved Florvåg på Askøy, inst i ein liten våg, stod ein stim av regnbogeaure og nær sagt stanga mot land.

– Det var heilt absurd. Fisken ser heilt bortkomen ut. Dei høyrer jo ikkje til i dette området, fortel BT-medarbeidar Charlotte Helleland.

I vågen kor fisken stod, er det to-tre meter djupt. Mannen hennar og naboen satt ut garn for å få opp fisken.

– Dei fekk 10-12 svære regnbogeaure, fortel Helleland.

Fiskedirektoratet gjekk fyrst ut og advarte mot å eta regnbogeaure, då den hadde vorte handsama med eit lusemedikament i desember.

Sidan har Mattilsynet gått ut og sagt at det likevel er greitt å eta fisken.

«Feite som grisar»

På Stord har ein fiskar sett fleire typar ulike garn for å dra opp rømmingsfisken.

– På lyregarn fekk eg 12-15 laks, feite som grisar med ei snittvekt på sju kilo utanfor Langenuen. Dagen etter drog eg opp eit mindre tal med slank og fin laks på ein til tre kilo på trollgarn, fortel mannen.

– Etter å ha fiska mykje fisk på vinterstid gjennom fleire år, har eg ikkje registrert så mykje på så kort tid, legg han til.

Pengar i rømt fisk

Utanfor Osterøy fekk 63.000 regnbogeaure sjansen til å stikka av. Torsdag skreiv BT om Jan Arve Birkeland som saman med andre fiskarar har drege opp 10.000 av dei.

– Me trekk omtrent 100 fisk om gongen. Då har eg kopla saman tre garn, forklarte han.

Sjøtroll Havbruk reknar med å få opp drygt halvparten av alle rømlingane. Dei betalar 50 kroner pr. fisk for fritidsfiskarar som leverer den til eitt av mottaka på Osterøy.

Til samanlikning legg Marine Harvest 500 kroner pr. hovud på bordet for rømt laks i Hardanger.

Fisken som stakk av vil truleg kosta Sjøtroll kring fem millionar kroner.

Kilde for: BT.no – Økonomi