Lakselusa tilpassar seg gamle og nye kjemikaliar. Oppdrettarane må stola på reinsefisk og mekanisk avlusing og førebygging.
HAVBRUK 23.01.2015 14:27
– Er det noko håp? spurte veterinærprofessor Tor E. Horsberg etter å ha oppsummert 2014 som nok eit nedslåande år for lakselusbekjemping på havbrukskonferansen AqKVA? på Stord torsdag, skriv Bergens Tidende.
Og han gav sjølv svaret på om det er utsikter til å vinna kampen mot lakselusa medisinsk:
– Nei, eigentleg ikkje, visst ein vil ha kontroll med lusa utelukkande basert på kjemiske middel.
Effekten avtar
Det blir nesten ikkje brukt antibiotika på norsk oppdrettslaks lenger, trass i ein kolossal produksjonsauke til over ein million tonn fisk i året. Derimot har bruken av kjemikaliar auka kraftig etter 2008 som følgje av luseoppblomstringa.
Effekten av kjemikaliane har vist seg å avta etter få år, slik at oppdrettarane har måtta behandla fisken stadig oiftare. I dag er det ifølgje Tor E. Horsberg berre kitinsyntesehemmarane diflubenzuron og teflubenzuron som lakselusa ikkje har utvikla resistens eller motstandskraft mot. Det er truleg eit tidsspørsmål før så skjer også med desse.
– Ikkje ei sovepute
Resistensproblemet i oppdrettsnæringa har no også spreidd seg til Finnmark, opplyste Horsberg på havbrukskonferansen.
– Nye behandlingsmiddel vil koma. Men det må for all del ikkje bli ei sovepute for oppdrettsnæringa, seier Horsberg, som er professor ved Norges Veterinærhøgskole.
Bruken av dei enno effektive kjemikaliane teflobenzuron og diflubenzuron dobla seg til nær fem tonn frå 2012 til 2013, ifølgje Folkehelseinstituttet. Teflobenzuron har negativ miljøpåverknad på skaldyr nær oppdrettsanlegg, særleg i sommarhalvåret når dyra skiftar skal ofte.
Eit anna stoff som er brukt i store mengder dei siste åra er hydrogenperoksid, med ei tredobling i forbruket frå 2012 til 2013. Stoffet blir også nytta i kampen mot den nye og smittsame gjellesjukdommen AGD, som har skapt problem i oppdrettsanlegg særleg i Rogaland og Hordaland. Lakselusa er i ferd med å utvikla resistens mot hydrogenperoksid.
Straffa med kutt
Negativ luseutvikling fekk i haust fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) til å varsla tøffare tiltak overfor anlegg med store lusepåslag på fisken.
Alle oppdrettarar er pålagt ei kontinuerleg teljing av lakselus, og har ei maksimumsgrense på 0,5 holus per fisk å forhalda seg til.
Mattilsynet har gått systematisk gjennom alle lakselustal frå alle anlegg dei siste to åra, og har nyleg pålagt tre anlegg i Hordaland og Rogaland å redusera produksjonen grunna langvarig overskriding av lakeslusgrensa.
– Vi har sendt ut dei tre første varsla om halvert produksjon. I tillegg gjennomgår og vurderer vi mellom ti og femten andre anlegg som skal setja ut fisk i vår, og som også har hatt langvarige overskridingar, seier Bjørn Røthe Knudtsen, regiondirektør i Mattilsynet.
Gjennomgangen av lakselustala har vist store variasjonar mellom lokalitetane.
Kilde for: BT.no – Økonomi