Norsk sjømat må unnvera Russland som eksportmarknad i to-tre år, trur Hans-Wilhelm Steinfeld. Og innan den tid kan det stå om eit regimeskifte for Vladimir Putin.
HAVBRUK 22.01.2015 20:25
NRK sin tidlegare Moskva-korrespondent var i godt slag på havbrukskonferansen AqKva 2015 på Stord torsdag. Ifølgje den nye partneren i Corporate Communications vil ikkje president Putin opna for norsk fiskeimport att med det første.
- Russland innførte 7.august i fjor stopp i innførselen av matvarer frå EU, USA, Canada, Australia og Noreg som reaksjon på boikotten etter Russlands handlingar i Ukraina.
- Russland har dei siste åra segla opp som eitt av dei store eksportlanda for norsk sjømat. I 2013 var eksportverdien 6,5 milliardar kroner, eller nær ti prosent av samla norsk sjømateksport.
- Trass bortfallet av Russland som marknad, sette norsk sjømateksport rekord i 2014. Norsk oppdrettsfisk og villfisk stod kvar dag for 37 millionar måltid rundtom i verda.
- Av eksporten stod havbruka for 67 prosent av eksporten, eller 43 milliardar kroner.
Matmangel
– Tidlegare har desse kalde krigane vart i gjennomsnittleg fire til åtte år, som då Sovjetunionen invaderte Ungarn og Tsjekkoslovakia. Denne gongen trur eg det vil vara i minst to-tre år, og då kan det stå om eit regimeskifte i Russland, seier Steinfeld.
– Putins boikott skapar eit problem for russarane; matmangel. Det tek til å merkast på prisar og tilbod. Husk at Russland har importert halvparten av maten sin frå Vesten. Matmangelen som følgje av sanksjonane kan etter kvart tæra kraftig på Putins store popularitet i heimlandet. Ministeren for naturressursar har sagt at Russland skal auka produksjonen i primærnæringane sine med 65 prosent. Det er heilt urealistisk. Russarane knekte primærnæringane sine på 1930-talet, og har seinare aldri kome opp og stå.
Sivilasjonskrise
– Byråkratiet er enormt, og fiskeriforvaltninga har store problem. Nord for polarsirkelen er det ei sivilisasjonskrise i Russland. Det russiske storsamfunnet er ikkje lenger i stand til å oppretthalda sivilisasjonen. Gjennomsnittsalderen er 60 år, og det er så djupe innanrikspolitiske problem at Putin måtte gi folket ein ytre fiende å retta misnøya mot, seier Hans-Wilhelm Steinfeld.
Vil klara seg
– Vi vil møta ein annan marknad i Russland når eksporten blir opna att, med nye konkurrentar og annleis fiskeriprodukt. Men norsk laks er etterspurt og vil klara seg kjempegodt, seier Christen A. Mordal, som er konsulent for Sjømatrådet.
– Vi treng den russiske marknaden, ikkje minst aktørane våre i Nord-Noreg. Og det er eit stort potensiale for vidare vekst i Russland, seier han.
«San Putin»
Før boikotten stod norske oppdrettarar for rundt 70 prosent av tilgangen på laks i Russland. I dag har chilenske, færøyiske, islandske og vietnamesiske oppdrettarar erstatta noko av den bortfalne norske lakseeksporten til russarane.
– I Chile blir den russiske presidenten no omtalt som «San Putin», seier Christen A. Mordal.
Ein del norsk oppdrettslaks endar fortsatt på russiske middagsbord, sannsynlegvis gjennom Kviterussland, eit land som har tollfri handel med Russland.
Den norske eksporten til Kviterussland har gått markert opp det siste halvåret.
Kilde for: BT.no – Økonomi